04/22/2006
Påsketuren til Israel

”Bestefar, bestefar kan ikkje du fortelja om når du var på ”unge voksne tur” med Israelsmisjonen til Israel”. ”Nei, eg har jo fortalt om det så mange gonger nå” svarar Bestefar. ”Please!” Fleire barnebarn strøymar til, når dei ensar at Historien (med stor H og liten henholdsvis i, s, t, o, r, i, e og n) nærmar seg. Dei sit musestille med store auge: Nå skal dei få høyre om ”Det lovede land”.
”Ja ok, no skal dykk få høyre. Me var 11 deltakarar og 2 leiarar som skulle reisa. Aldersspennet var mellom 17 og 29 år. Og innehaldt studentar, revisorar, samfunnsøkonomar, eiendomsmeglarar, sjukepleiarar, ja det var kremen av norsk ungdom samla på i ei gruppe. Me hadde alle lagt igjen vår streben med å holde gamle Adam og Mammon i sjakk. Det forgjengelige hadde ingen makt over oss lenger for nå var det Gud, Jesus, bibelhistorie og sosialt samkvem som var i fokus. Og for ein tur det var.” Bestefar sluttar å snakke, han blir våt i tårekroken og får det draumande blikket han alltid får når han forteljar om ”unge voksne turen” til Israel.
”Men bestefar, 13 personar er ikkje det like mange som Jesus og hans disiplar?” undrar Ole på 9 år.
”Jo, Ole det stemmer. Tilfeldig?” spør bestefar retorisk. ”Nei, det trur eg ikkje” svarar Ole, som ennå ikkje har lært kva retorisk tydar.
”Sjølv om sjølve fotspora etter Jesus hadde blitt tæra av tidens tann, kunne me besøke plassane der han blei fødd, der han gråt, der han gjekk i tempel og der han blei begravd. Så når eg nå leser i Bibelen har eg eit bilde av korleis det såg ut. Det gjer at bibellesninga går lettare og forståelsen aukar. Det var godt å sjå at bibelen stemmer med geografien, det er ikkje så mange ugler i mosebøkene som nokre vil ha det til. På plassane me var stemte vår eminente musikerpar Heavy heavy Johannes heavy Kleppe og Janeth ”fløyelsstemme” Kleppe i lovsanger som stemte med lokasjonen, dette skapte finne stemninger og minnet oss om at me var på hellig grunn. Noe forresten vaktene også minnet oss på, da alle med shorts blei jaga på dør.”
”Så dere lærte mye om bibelhistorie, og turen var til åndelig oppbyggelse. Men kva med sekulære aktiviteter Bestefar. Gjorde dere noe gøy?” spør tøffe Per, 11 år.
”Israel er ikkje bare ei sareptas krukke av historiske utgravningar og hellige plasser, men det bugner over av aktivitetstilbud (foruten melk og honning). Me rafta Jordans ville og utemma stryk, me bada i varme kilder i oasen Sachne (noe eg sachner den dag i dag) og me bada i Dødehavet og overlevde. Jerusalem var og ein opplevelse. Bodene i gamlebyen gjorde spesielt inntrykk. Her fekk me læra oss prutingens underfundige verden.”
Bestefar sluttar å fortelje, han får eit glis over heile andletet.
”Kva tenker du på bestefar?”
”Ein av deltakarane på turen pruta alltid oppover fordi han meinte at sidan dei som velsigner det jødiske folk skal sjølv varta velsigna, ville økt BNP i Israel verta ei velsigning for han.”
”hahaha” bestefar og alle barnebarna ler i kor.
”Bestefar, kva med dei palestinske sjølvstyreområdene? Besøkte dere de?”
”Ja, i dei dager var det ei veldig unyansert mediadekning av konflikten i Norge. Difor var det interessant å besøke dei palestinske områdene og sjå dei forholda dei lever under. Det visar at det er ei meget kompleks konflikt der det ikkje er eit lett fasitsvar på ei løysning.”
”Kva med maten i Israel, var den god?”
”Shavarma, falafel var to retter me til stadighet skuffla nedpå. Bedre en kebab var det mange som meinte. Frukosten var så som så. Den jødiske og den kristne påska fall saman dette året og det fekk katastrofale følger for frukosten vår. Det første eg tenkte når eg såg frukosten var: 'Her er det noe muffins'. Men muffins er ikkje kosher, så me blei tilbudt flatbrød (usyra brød) og raspa gulerøtter som erstatning.”
”Det var 10 dager med mange inntrykk, usyra brød, bading, sosialt samkvem, guiding og moro. Me fekk innblikk i Israelsmisjonens arbeid i Israel og kor viktig det er. Me fekk masse nye venner, ein gyllen brunfarge, åndelig påfyll og restituering av krefter til å ta fatt på kvardagens mas og kjas.”
”Hadde det ikkje vært leggetid nå barn, skulle eg fortalt historien om når me var i det jødiske kvarter og bare hadde ti minutter til rådighet…..”
15:40 Permalink | Comments (11) | Email this
Comments
Å, så bra. Eg ler og ler. D va ein stor tur. For å ver litt kritisk: Eg ser d som lite sannsynlig at tøffe Per på 11 bruge ordet "sekulær", pluss at adle de små ler av BNP-vitsen(de lo sikkert bare for å gleda bestefaren sin som de e så glad i). Eller kanskje du bare satse på ekstremt oppvakte etterkommere :)
Har forresten tatt den jødiske kvarter vitsen din på mange, adle ler.
Posted by: Audi | 04/23/2006
Ja, det er litt av poenget at de spør så idiotiske spm.eg satse seff. på oppvakte etterkommere, eplet detter sjeldent langt fra stammen vettu..
Posted by: Eimund | 04/23/2006
KONGE! Lige d eg ser her på dei andre kommentarane... Lykke t!
Posted by: leif | 04/24/2006
Med fare for å gleda Leif ennå mer skrive eg ligavel ein kommentar. Eg følte d blei hinta litt frampå her at eg e..hm.. treig? What?? Må få lov å kverulera/irritera litt vel?! Sånn ellers så har eg ein kamerat fra Bru så har funnet ud at du og har ein kamerat fra Bru, verden e liden. Kom på msn då, der d skjer. Siste nytt fra Israelsgjengen: Paul har vært i NLM, Gisle har kluppa seg og eg har fått mail fra Jacob.
Posted by: Audi | 04/25/2006
Eimund, takk for turen...!
Nå som mi blei så godt kjent dr nere, forvente eg
at du legge mg t blogglista di.....
Posted by: Anne | 04/25/2006
Seff... Eg ska forresten senda deg Gaiter (gaitor/gay ter/guyter) (eller kossen det skrives) cd en din og, når eg får makka meg te d...
Posted by: Eimund | 04/25/2006
Audi:Kom på msn då, der d skjer
eg ser intet nytt på msn.. ser ikkje ud som israelsfolkå bruge den oppgitte adressen..
Posted by: Eimund | 04/26/2006
Halla..
Skriv ferdig historien a Eimund.
Øyvind Tønsberg
Posted by: Øyvind Tønsberg | 04/28/2006
Øyvind Tønsberg gitt.. Hallais..
Jo, nå skal du høra...
Jødiske kvarteret altså, nei venta det var vel...
jo.. nei... 10 min var det bare, stemme det..
Nei, den får eg ta ein annen gang. For du vett jo ka dei seie.. Ein vits er bare god ein gang, dvs at eg må spara denne vitsen her.. det skal ikkje gå inflasjon i bruken av den nei..
Var det gang dei siste tre dagane der nede??
Posted by: Eimund | 04/28/2006
Eg e imponert Eimund! barnebarnå dine har verkeligt någe å se fram t!! =) Hørrtes ud så ein tipp topp tur! ka ti ska du t USA forresten??
Posted by: Renate | 04/30/2006
For øyeblikket har eg ikkje hørrt nyss fra USA. Det ser ikkje heilt bra ud for øyeblikket. Kan vær at det blir Trondheim aligavel.. blir i slutten av August i såfall, hvis eg komme inn...
Posted by: Eimund | 04/30/2006
The comments are closed.